Det første “innlandsåret” til meg, familien og føretaket mitt er nesten ved vegs ende – eit innhaldsrikt og givande år på mange måtar.

Sjølv om eg ikkje akkurat har vore superflink til å skrive så mykje og ofte her på “nyhets-delen” av nettsida, har det skjedd ganske mykje altså. Og eg fekk no både tid og lyst til å sende ei sommarleg helsing og oppdatering til herlege vener, samarbeidspartnarar, kollegaer, kundar og andre som er innom her på nettsida av ein eller annan grunn.

ÅBU

Først eit stort sommarleg “HEI” til ein gjeng eg no gleder meg veldig til å dra på tur med i helga som kjem: Åsnes Barne- og ungdomskorps:

Dette første halvåret eg har vore musikalsk leiar for dykk – har vist meg at det bur masse speleglede i dykk. Eit høgdepunkt må vel seiast å vere då vi tok andreplassen i Innlandsmesterskapet for skolekorps – med særs funky musikk på programmet(!) Og eit anna håper eg blir korpsturen som no står for døra. Vit at eg no allereie har eit hav av idear og forslag til kva vi skal gjere neste korpsår – for hos dykk bur det mykje musikalitet og mange mogelegheiter… (PS: Takk for samarbeidet Siri Cathrine – ser fram til å utvikle det vidare!)

 

BRUMUNDKORET

Helsing nummer to går til mitt andre Innlandske hjartebarn (dog ikkje så mange barn i denne gjengen: Brumundkoret.) 

Dette koret – som eg også har hatt gleden av å musisere saman med frå nyttår og til no – har ikkje så mange medlemmar  (og har plass til fleire!…). Men med den kjærleiken dei har til å synge saman – og så gøy vi har hatt det desse tysdagskveldane – så er ikkje det det viktigaste. Eg håpar å få mange fleire musikalske tysdagskveldar i Veldre/Brumundal å sjå fram til når sommaren tar slutt!

PRØYSENHUSET

Som allsidig kulturpotet har eg hatt fleire typar oppdrag ved Prøysenhuset dette året.

I “bygda” er det jo alltid jul – sjølv midt på sommaren. Det gløymer eg sjølvsagt aldri – sjøl om eg reknar med at bygdefolket sjølv kanskje gløymer det igjen når desember kjem… 

Spesielt gøy var det likevel å få vere med som pianist på 18 forestillingar med særs stemningsfull og koseleg førjulsteater saman med denne gjengen (og sjølvsagt manusforfatter, musikar, skodespeler, regissør, Prøysenekspert og kunstnerisk leiar ved Prøysenhuset  – Hogne Moe  som diverre ikkje var til stades då dette biletet vart teke):

Eg ser med glede på arbeidsplanen for “Sommer i Prøysen 2023” at vi skal jobbe saman igjen denne sommaren, Jon-Ola, Eli og Anniken (og Hogne). Det blir gøy – og eg reknar med masse folk og godt ver heile sommaren i Prestvegen! 👍

Og til alle andre…

Eg takkar sjølsvagt for alle oppdrag (frå korps, kor, songarar, musikarar, kulturskular og andre kulturaktørar eg har treft på) gjennom året – og ser fram til fortsatt variert og kulturell kvardag etter endt sommar. 

Ei siste dedikert helsing med bilete til “Hamar Janitsjarskole” som eg og Linus hadde ein ordentleg herleg korpstur til Lillehammer og Hunderfossen saman med førre helga:

PS1: Takk for oppdrag og samarbeid også musikalsk til HJSK.

PS2: Spesiell takk til juniorkorpsdirigent Kirsti Thoresen, for at du sår så mykje musikalsk engasjement i yngste blad Nordstrand!

GOD SOMMAR TIL ALLE! ☀️ 

Share via
Copy link
Powered by Social Snap